Kvart år blir dei som går i 2. klasse invitert til å vere med på tårnagenthelg i kyrkja. Lørdag 9. mars skal 8-åringane få utforske kyrkja og kyrkjetårnet, dei skal få vere med på skattejakt, og dei skal og få vere med å førebu søndagens gudsteneste. Dette blir ei flott gudsteneste, der tårnagentane bidreg på ulike måtar. I tillegg har vi med oss ein fin gjeng med HipHop-dansarar frå 1.-7. klasse, som har vore på kurs med Siren Godø fem mandagar dei siste månadane. Dei skal framføre to dansar i gudstenesta. Dette gler vi oss veldig til å sjå! Håpar du vil komme på ei kjekk og innhaldsrik gudsteneste kl. 11 på søndag!
Medverkande er:
Bjørn Tore Sæle, prest, Aslaug Miljeteig, "tårnagentsjef", Anne Marit F. Dahle, kyrkjelydspedagog, Ottar Mæstad, musikar.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Kyrkjekaffi, saft og kaker etter gudstenesta.