På kurset vert det undervisning i kva trusspråk er, du får hjelp til å finna trusspråket ditt og til å sjå dette i ein større samanheng.
Litt om trusspråk
Gud kommuniserer med oss på mange ulike måtar. Han talar til oss gjennom naturen, gjennom bilete, kunst og musikk, gjennom Bibelen og det talte ordet, gjennom kyrkjelyden og den personlege erfaringa, gjennom det rasjonelle og det fornuftige, gjennom det stille og det kjenslemessige sterke…
Ulike ord prøver å uttrykka korleis kristne erfarer å ha best kontakt med Gud: kanalen din til Gud, stilen din, antenna di, språk, trusspråk. Trusspråket ditt er antenna di til Gud.
Praktisk informasjon og påmelding
Kurset går over to dagar i Knarvik kyrkje. Fredag 10.3. kl. 18.00 – 21.30 og laurdag 11. mars kl. 9.30-16.00. Enkel servering er inkludert.
Kurset kostar 500 kr som dekkjer servering, kursmateriell og undervisning. Arrangørar er Meland og Alversund kyrkjelyd i samarbeid med NaMu Norge.
Påmelding her snarast, det er framleis plassar. Spørsmål og påmelding kan også sendast til stine.saele@melandkyrkja.no
Facebook-arrangement: https://www.facebook.com/events/1344701892217774/