Bestilling av dåp

Her kan du bestille dåp i Radøy sokn via nettlesaren din. Du slepp dermed å vente på at kyrkjekontoret er opent og kan velja fritt blant ledige dåpsgudstenester. Løysinga ivaretek alle dine rettar i samsvar med GDPR-lovgjevinga.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Om tenesta

Tenesta er levert av vår systemleverandør Kirkedata, og skjer via ein portal som heiter "Mi kyrkjeside." Lenkja til bestillingsskjemaet finn du nederst på denne sida.

Pålogging og registrering av opplysingar

Pålogging og verifisering skjer via SMS. Du får tilsendt ein eingongskode som gjev tilgang til Mi kyrkjeside. Når du kjem inn, så veljer du "Registrer dåp" og leggjer inn dei opplysningane du har om dåpsbarnet, mor og far. Du kan òg leggja inn namn på fadder dersom det er klart, men dette er ikkje påkrevd.

Øverst på skjemaet kan du velja kva dato og klokkeslett de ynskjer å ha dåp. Det er berre dei gudstenestene der det er mogleg å ha dåp som kjem opp på lista. 

Når du klikker på "Lagre og send inn" vert opplysningane lagra på ein sikker måte hjå systemleverandøren vår. Medarbeidarane på kyrkjekontoret vil kontrollere opplysingane så snart som mogleg, og vil ta kontakt med dykk dersom det er problem. 

Presten som gjer teneste på dåpsdagen vil kontakta dykk rundt ei veke før dåpen for å avtale dåpssamtale.

Dersom de ikkje er busette i Radøy sokn må de også ta kontakt med kyrkjekontoret der de bur for å avtale dåpssamtale der. De kan bruke søkefeltet nederst på sida til å finne dykkar lokale kyrkjekontor.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"