Vigsel

Bryllup er kjærleiken sin fest. To menneske lover å elska og æra kverandre, og å halde saman og i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gjevne med vitne til stades.

Ynskjer de kyrkjeleg vigsel, er det første de må gjere å avtale dato og tidspunkt for seremonien. Ynskje om dato, kyrkje og klokkeslett skal helst meldast inn elektronisk via lenkja nederst på denne sida. Denne løysinga ivaretek alle dine rettar etter GDPR-lovgjevinga.

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve skaffe Prøvingsattest/Melding om vigsel frå Folkeregisteret. Dette bør gjerast i god tid, og prøvingsattesten er gydlig i 4 månadar. Bruk Folkeregisteret si elektroniske løysing nedanfor. De må gjerne krysse av for at attesten skal sendast direkte til oss.

Kyrkjeleg vigsel

Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd er det likevel mogleg å setja eit personleg preg på det som skjer i kyrkja

Les meir