Ti gode grunnar til konfirmasjon i kyrkja

Her er ti gode grunnar som konfirmantar har gitt oss for å velja kyrkjeleg konfirmasjon.

Ved konfirmasjon i kyrkja får du litt meir, noko ekstra. Du lærer om kristen tru og tradisjon.
  1. Du får oppleva kva kristen tru er. Kristendommen blir meir enn berre ein del av eit skulefag.
  2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har ein dag der du blir stadfesta for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein heilt spesiell dag der alt er for deg.
  3. Du får oppleva eit nytt felleskap med andre på samlingar, leir eller weekend, og bli kjent med nye menneske, og kanskje får du ein ny venn?
  4. Du får engasjera deg for andre mennesker. Dette gjer du mellom anna ved å delta i Fasteaksjonen, der du får vera med å samla inn pengar til reint vatn med Kirkens Nødhjelp. Du får òg læra kva vi kan gjera for å ta vare på jorda og klimaet vårt.
  5. Konfirmasjon er eit fint høve for dei som er glad i deg til å feira deg og det du betyr for dei.
  6. Du får tid til å reflektera over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva verdiar som er viktig for deg.
  7. I konfirmasjonstida snakkar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.
  8. Vel du kyrkjeleg konfirmasjon er det ei moglegheit til å tenka sjølv. Du får tid til å reflektera, tenka kritisk og sjølvstendig til kva tru og kristendom er.
  9. Som ein konfirmant sa «Å konfirmera seg kristeleg gir liksom litt meir meining». Du blir del av eit større felleskap.
  10. Du møter folk med ulike meiningar, med ulike bakgrunnar, og saman med dei lærar du noko felles.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"