Syng med i frydesongen!

På søndag kan du vera med og fylle Nordhordlandskatedralen med song, då heile kyrkjelyden "stemmer i en frydesang"!

Bilete: Pixabay

Søndag og salmesong høyrar saman og denne søndagen kan du rett og slett "stemme i en frydesang" då Phillip Paul Bliss sin mektige salme står på programmet!

Salmane denne veka har eit klart gledesbudskap - og er også veldig gode å syngja saman. "Kven kan seia ut den gleda", "Tett ved sida mi går Jesus", "Jesus, du har brakt Guds rike" står alle saman på salmelista i tillegg til sjølvaste "Vi stemmer i en frydesang".

Så bli med og fyll den flotte kyrkja vår med salmesong - no med berre éin meters avstand! Om vêret er med oss vert det også kyrkjekaffi på kyrkjebakken etter gudstenesta.

  • Gudstenesta denne søndgen er i "Nordhordlandskatedralen" - Manger kyrkje. Den startar kl 11:00 og Thor Sommerseth er liturg. Ved orgelet sit William Kay.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"