Programmet er satt saman til å passe godt ein sommaraftan i Manger kyrkje. Her blir det mellom anna musikk av Edward Elgar, Carl Nielsen, Noel Rawsthorne og J.S. Bach, samt ein liten vri midt i konserten!
Manger kyrkje sitt store Jehmlich orgel blei bygd i 1980, seinare omfattande omintonert og oppgradert på 2010-tallet. På konserten vil ein får høyre mange av dei ulike klangane orgelet har å by på.
Arrangementet er gratis med høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikkarbeidet i Radøy.