Sidan vi ikkje kan samlast til gudsteneste, innbyr vi til opa kyrkje på Hordabø denne søndagen. Det er ikkje noko liturgi, opning eller avslutning... Du kan koma når du vil og gå når du vil. Tenn eit ljos, be ei stille bøn, eller berre vera i kyrkja di.
Vi kan ikkje vera fleire enn 10 til stades samtidig, i tillegg til staben. Ser du at det er "fullt", venlegst vent ei lita stund til det er ledig plass.