Sommar, sol og salmesong! (og svele!)

Det er varsla nydeleg vêr på søndag, og kva passar betre då enn ein tur i Tjorehagen på Sæbø? Bli med på gudsteneste kl 11 du òg!

© Tjorehagen

Det er etter kvart blitt ein tradisjon med gudsteneste i Tjorehagen - og i år ser det ut til at vêret definitivt er med oss! Dermed treng ikkje blåsegruppa frå Manger Old Star Brass bekymra seg for vatnfylte instrument!

Soknepresten vår, Kjell Sekkingstad, leiar gudstenesta og det blir fellessong med kjende og kjære salmar. Vi har også med oss gode kyrkjevertar som registrerar alle i tråd med smitteverntiltaka vi må leva med for tida.

Kl 12:00 innbyr Nordhordland kunstlag til utstilling fram til kl 16:00. Det vert også sal av kaffi og svele, og god tid til å utforske den vakre rhododendronhagen.

Vel møtt til ei fin stund i Tjorehagen!

  • Tjorehagen ligg ca. 40 minuttar med bil frå Bergen sentrum, litt sør for Austmarka og Sæbø skule. Adressa er Radøyvegen 550, 5938 Sæbøvågen. God parkering like ved vegen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"