Søndag 26.mai vert det friluftsgudsteneste i Tjorehagen. Omkransa av flotte rhododendron skal me markere og feire Skaparverkets dag saman. Denne dagen skal me òg ta avskjed med diakonmedarbeidar Kari Marie Gurvin Molvik som har vore diakonvikar hjå oss i to år.
Liturg er Gudveig Kartveit Sundsbø og Manger Old Star vert med og løftar songen med vakre tonar.
Det vert kyrkjekaffi etterpå.