Velkomen til kvardagsmiddag på Rasteplassen på Manger!
Annakvar onsdag serverer me middagar som høyrer kvardagen til. Det er frivillige medarbeidarar som står for kokkelering og rydding, så her kjem du til ferdig dekka bord!
Her er det rom for travle småbarnsfamiliar, pensjonistar, einslege og alle som ønskjer eit middagsmåltid saman med andre. Etter middagen står kaffekanna klar for dei vaksne.
Det kostar 20 kr per person, og ein kan betale valfritt beløp over det.
For å vite kor mykje mat me skal lage, treng me påmelding.
Ring eller send sms til Gudveig på 93 84 05 87 med påmelding om evt allergiar og kor mange i familien.
Meny
4.september Betasuppe med rundstykker
18.september Fiskekaker med kålrabistappe
2.oktober Kjøttkaker, ertestuing og potetstappe
16.oktober Bali kyllinggryte
30.oktober Fiskesuppe
13.november Hamburger med pommes frites
27.november Meksikansk tomatsuppe
11.desember Graut (med mandel)
Endringar i menyen kan forekome
Velkommen til eit godt middagsmåltid saman med andre!