Dersom de vil gifte dykk i annan kommune enn der de er busett, kan den lokale kyrkja krevja å få dekka utgiftene knytta til seremonien i kyrkja. Dersom ingen av dei som skal gifte seg bur i Radøy, gjeld desse satsane:
Betaling for utanbygds vigsel, satsar gjeldande frå 01.01.2022
- Leige av kyrkja: Kr 1500
- Godtgjersle til prest: Kr 3700
- Godtgjersle til kyrkjemusikar: Kr 2500
- Godtgjersle til kyrkjetenar: Kr 1700
Desse satsane gjeld for vigsel når ingen av dei som skal inngå ekteskap er folkeregisterført i Radøy kommune. Godtgjersle til prest vert regulert kvart år av Bjørgvin bispedømeråd. Godtgjersle til kantor/kyrkjetenar vert regulert kvart år av Radøy sokneråd.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.