På gudstenester og andre arrangement i kyrkja er det dette som gjeld:
- Det kan vera maks. 50 deltakarar på alle innandørs arrangement med faste, tilviste sitjeplassar (nasjonal forskrift, des.2021). Desse kjem i tillegg til medverkande (prest, organist o.l.)
- Det er påbudt med munnbind på alle innandørs arrangement (nasjonal forskrift, des.2021)
- Vi må registrere alle deltakarar med namn og telefonnummer. Kyrkja som arrangør er ansvarleg for varsling dersom det oppstår smitte.
- Alle får ein fast, tilvist sitjeplass når dei kjem i kyrkja. Kyrkjevertane vil vise deg til plassen der du skal sitja under heile gudstenesta. Nytt no er at vi også må ha oversikt over kvar i kyrkja du satt.
- Det skal vera 1m avstand mellom husstandar, kohortar og tilsvarande nære i kyrkjebenkane. Vi kan likevel bruke kvar benkerad.
- Kom til kyrkja ein annan søndag dersom du er sjuk eller har luftvegssymptom.
Jula 2021
Vi kjem til å ha påmelding til alle gudstenestene i Alver på julaftan, og dei fleste stadar også 1.juledag. Følg med på nettsidene våre (kyrkja.no/alver) og i lokalavisene for meir informasjon! Det vil diverre ikkje vera mogleg å berre møte opp på julaftan. Talet på maks. 50 deltakarar er forskriftsfesta.