Velkomen til kyrkja i advents- og juletida!

Du er velkomen inn i kyrkja for å feire advent og jul. Kyrkja i Alver legg til rette for godt smittevern, og vi kjem til å gjennomføre gudstenester i høgtida, sjølv om det vert med ein del restriksjonar.

Velkomen til kyrkja i advents- og juletida!
Kyrkja skal vera open for deg - for håp, trøyst og tru. Velkomen!

På gudstenester og andre arrangement i kyrkja er det dette som gjeld:
 
  • Det kan vera maks. 50 deltakarar på alle innandørs arrangement med faste, tilviste sitjeplassar (nasjonal forskrift, des.2021). Desse kjem i tillegg til medverkande (prest, organist o.l.)
  • Det er påbudt med munnbind på alle innandørs arrangement (nasjonal forskrift, des.2021)
  • Vi må registrere alle deltakarar med namn og telefonnummer. Kyrkja som arrangør er ansvarleg for varsling dersom det oppstår smitte.
  • Alle får ein fast, tilvist sitjeplass når dei kjem i kyrkja. Kyrkjevertane vil vise deg til plassen der du skal sitja under heile gudstenesta. Nytt no er at vi også må ha oversikt over kvar i kyrkja du satt
  • Det skal vera 1m avstand mellom husstandar, kohortar og tilsvarande nære i kyrkjebenkane. Vi kan likevel bruke kvar benkerad.
  • Kom til kyrkja ein annan søndag dersom du er sjuk eller har luftvegssymptom.

 

Jula 2021

Vi kjem til å ha påmelding til alle gudstenestene i Alver på julaftan, og dei fleste stadar også 1.juledag. Følg med på nettsidene våre (kyrkja.no/alver) og i lokalavisene for meir informasjon! Det vil diverre ikkje vera mogleg å berre møte opp på julaftan. Talet på maks. 50 deltakarar er forskriftsfesta.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"