Sorggruppe

Kyrkja i Alver og Alver kommune tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.

Sorggruppe

Ei tid etter eit tap vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.

Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og  opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.

Anne-Britt Hauge, som er kreft-koordinator i Alver er med, men det tyder ikkje at tilbodet er berre for etterlatte etter kreft. 

 

Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.

¨ Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall

¨ Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt

¨ Kvar samling er 1,5 time

¨ Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar

¨ Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn

¨ Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele

¨ Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt

¨ Gruppa er gratis

¨ Gruppa vert leia av to eller tre av kontaktpersonane. Det vert faste leiarar for gruppa.

 

Sjå brosjyra som ligg som lenkje under. 

Første sorggruppe startar i slutten av januar. Påmelding innan 10.januar. 

 

Kontakt ein av diakonane, Ruben eller Gudveig for meir informasjon. Sjå kontaktinfo under. 

Eller Kreftkoordinator Anne- Britt Hauge, 40910889. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"