Gjevarteneste

Ta utfordringa og bli med på vidareutvikling av Austrheim kyrkjelyd. No nærmar me oss målet om ein heil stilling fordelt mellom Austrheim og Fedje!

Gjevarteneste

Austrheim kyrkjelyd har i dag faste tilsette som gjer ein god jobb for å ivarta dei tenestene ei folkekyrkje skal utøve. I tillegg har me mange frivillige som gjer ein flott innsats på fleire områder. Soknerådet har som mål å satse enno meir på å byggje kyrkjelyden. Ein av måtane å gjere dette på er å tilsette ein kyrkjelydsprest som saman med Per Børge, Jostein , Leif Arne, Wilco, Mia og alle dei frivillige skal arbeide målretta med barne- og ungdomsarbeidet. Også andre område innan kyrkjelyden vil nyte godt av ei ekstra stilling.

Eit tankeeksperiment:
Om ikkje meir enn 50 personar i Austhreim gjev 1000 kr i månaden har vi 600.000 kroner i året - og det held til ei prestestilling.

Ser me på kva gåver som i dag kjem inn til kyrkjelydsarbeidet, er dette eit vågalt prosjekt.
Ser me på kva midlar mange av oss disponerer, er det absolutt eit prosjekt som let seg gjennomføra.
Kyrkja går inn i ei ny tid der staten ikkje vil bidra økonomisk på samme måte. Biskop Halvor Nordhaug har oppmoda både vår kyrkjelyd og alle andre til å satse enno meir på gjevartenesta

Levande engasjement for kyrkja vår krev også at me er villige å satse.

Soknerådet oppfordrar no til eit krafttak for kyrkjelydsarbeidet
og oppfordrar hermed DEG til å inngå i ei
fast gjevarteneste for kyrkjelydsprest i Austrheim kyrkjelyd.

VERT DU MED?

Du kan bli fast gjevar - ta kontakt

Du kan gje ei gåve til kontonummer: 3632 71 55592
Merk betalinga med "gåve gjevarteneste". Du kan og få skattefrådrag på gåver. Då må det meldast frå til oss, og me må ha personnummeret ditt.

Du kan og gje gåve via Vipps.
Søk opp "Austrheim sokn" eller bruk Vippsnummer: 88352

 

Ta kontakt: 56 16 72 90 eller kyrkjekontoret@austrheim.sokn.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"