Utbedringar i Austrheimkyrkja

Det har vore ei kjent sak nokre år at den eine bæresøyla i kyrkja har hatt ei svak krumming, grunna vektbelastning. Denne krumminga har det siste halvåret utvikla seg og blitt større. Difor fann vi grunn for å engasjera sivilingeniør og spesialist på konstruksjonar frå Multiconsult, til å gjera ein analyse av situasjonen og koma med framlegg til tiltak.

Utbedringar i Austrheimkyrkja

Vi ventar framleis på det skriftlege svaret på denne analysa. Det som vi førebels har fått tilbakemelding om er at 4 bæresøyler i kyrkja må bytast ut i tillegg til at vi bør gjera forsterkande tiltak i takkonstruksjonen på loftet. Dette er eit arbeid som vil få høg prioritet framover. Av strakstiltak har vi fått tilrådd målingar med loddsnor av søyla som krummar seg. Vi skal gjera hyppige målingar av denne søyla framover for å overvaka situasjonen og avdekka eventuelle ytterlegare avvik.
Firmaet vi har engasjert har likevel ikkje tilrådd begrensningar i bruken av kyrkja, slik at den daglege bruken av kyrkja ikkje vert påverka av denne situasjonen. Kyrkja vert altså brukt som før. Austrheim Sokn er i tett samarbeid med kommunen om framdrifta i dette arbeidet.»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"