Knut Gunnarsson Haugland og ”Ferdamann” vert med og vil spela sin eigen musikk, denne gongen i Austrheimkyrkja. Det vert svært spanande.
Leiar i Austrheim Sokneråd, Helge Dyrkolbotn, er svært glad for at Ferdamann vart med på dette opplegget i kyrkja. Eg har stor tru på at dette kan bli ei gudsteneste ulik det vi er vane med, men at det vert ei fantastisk stund i kyrkja vår.
Knut Gunnarson Haugland er ein tekstforfattar og komponist frå Austrheim. Han har gitt ut 2 album; Dagane (2005) og Ferdamann (2015). Begge albuma er å finna i sin heilskap på Tidal, Spotify og Itunes. Ferdamann band har vore på vegen i 15 år og reist rundt på Vestlandet og underhalde med sin norskspråklege viserock.
Det var sokneprest Per Børge Hillestad som kom opp med forslaget om ei slik gudsteneste, og han vil kombinera Ferdamann sin musikk med temaet skam.
«Det er blitt sagt at det du veit om, kan du gjera noko med. Men det du ikke veit om, gjer noko med deg. Bli med på ei indre reise i eige liv» - dette er utgangspunktet for innhaldet i gudstenesta. Serien Skam har vorte svært populær blant ungdommen, og den tek opp mange vanskelege tema som mange både unge og vaksne slit med. Per Børge vil også snakke om dei skambelagte temane.
Soknerådsleiaren oppmodar både konfirmantar, ungdom og foreldre og andre vaksne til å få med seg denne spanande gudstenesta. Det er ingen skam å gå i kyrkja!
Gudstenesta startar 19.00, men det vert servert kyrkjekaffi frå klokka 18.30. Nytt høvet til ein god kveld i kyrkja.