Dåp

Velkomen til dåp. Om de ynskjer døypa barnet dykkar i Fitjar kyrkje kan de fylle ut skjema "Innmelding til dåp" som de finn under her. Etter dette er motteke vil presten ta kontakt for å bekrefte dato og avtale dåpssamtale. Lurer de på noko, er de sjølvsagt velkomne til å ta kontakt. Ring sokneprest Olav J. Oma på tlf. 90 63 88 25 eller send mail til olaoma@fitjar.kommune.no.

Dåpsamtale finn anten stad i heimen eller i kyrkja. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstenesta og dåpshandlinga.

Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventuelt andre ting vert avklart.

Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen.

Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen?

Barnet kan ha så mange fadrar de vil, men må ha minst to. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, og vere medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.

Sitat

Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar. Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.