Detaljarbeid i kyrkja

Det er mykje store operasjonar i kyrkja om dagen, men noko er heller finpussing og detaljarbeid.

Får å betre akkustikk til det nye orgelet, har kyrkja fått tips frå kunnig lydekspert om å fjerne platene på baksida av benkene. Ein skulle tru dette var ein enkel jobb, men ikkje når dei som jobbar dugnad er litt pirkete, arbeidsame perfeksjonistar, som i tillegg er opptatt av estetikk! Dette er me veldig glade for.

Enda er ikkje benkene ferdig. Det har kome lister både øverst og nederst og rundt omkring. Benkene er grunna, men det må nok litt meir pussing, sparkling og til slutt maling før dei seier seg nøgd med resultatet. Men det skal dei ha, uttrykket er allereie flott!

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no