Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Orientering om endringar i kyrkjestaben og ny stilling

Denne hausten vert det ein del endringar i staben i kyrkja på Fitjar. Birgitte Drønen Brenne har hatt 40 % stilling som kyrkjetenar. Ho sa opp stillinga sin frå 1.8.17. Me ønskjer henne lukke til i jobben på Rimbareid skule. Kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen fekk tilbod om jobb som dagleg leiar i Sunnbok – den kristne bokhandelen på Stord. Dette takka ho ja til, og starta der 1.september. Me er svært takksame for alt det gode dei har gjort i kyrkjelyden!

Dei som no er tilsette i kyrkja, er:

                        Sokneprest - Olav Johannes Oma, 100 % stilling (løna av biskopen)

                        Kyrkjelydsprest - Fridleif Lydersen, 100 % toårig kontrakt, (løna av kyrkjelyden over
                        kyrkjebudsjettet ved god hjelp av gåver og inntekter ved utleige til prostiet) 

                        Kantor - Jan Overweg, 65 % (løna over kyrkjebudsjettet)

                        Kyrkjeverje - Harald Rydland, 50 % (løna over kyrkje­budsjettet)

                        Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar - Kristian Skumnes, 60 % (løna over kyrkjebudsjettet)

                        Reinhaldar - Marte Rimmereid, 10 % (løna over kyrkje­budsjettet)

                        Kontormedarbeidar - Elisabeth S. Oma, 40 % (mellombels stilling)

Klokkar- og kyrkjetenar- tenesta, i samband med gudstenester er også lovpålagd. Desse tenestene har i mange år vore utførte av frivillige i kyrkjelyden, og lønsmidla har gått til kyrkjelydsarbeidet elles.

Fitjar kyrkjelyd har utarbeidd og fått godkjent trusopplæ­ringsplan. For å få del i trusopplæringsmidla må vi gjennomføra denne.

For tida er dei offentlege økonomiske overføringane til kyrkja knappe, og soknerådet/fellesrådet arbeidar med å finna løysingar som gjer at kyrkja kan gjennomføra alle oppgåvene me er tillagde på beste vis.

Soknerådet gjorde i møte 21. september vedtak om å lysa ut ny stilling som kyrkjelydsprest/ barne- og ungdomsprest. Vedkommande som blir tilsett vil då få ansvar for trusopplæringa på Fitjar, men vedkommande vil og delta i og ha ansvar for kyrkjelege handlingar som no. Utlysinga kjem i november. 

 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no