Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Status orgelprosjekt

Ein drøy måned har gått sidan arbeidet med å klargjere til nytt orgel i Fitjar kyrkje starta. No kan du lese litt om kva som skjer, kor langt me er komen, og du kan sjå nokre bilete av prosessen så langt.

Arbeidet starta med å ta ned orgelet. Det var ein jobb for kantor, Jan, og hans medsvorne arbeidarar og orgelentusiastar. Det vart tomt i kyrkja utan orgel, det fekk ordførar, Wenche erfare då ho fekk med seg orgelpipa si heim.

Wenche og Jan

 

Men verre skulle det bli. For ikkje berre skulle orgelet bort, men heile galleriet og. Dette for at det skal vere nok plass til det nye orgelet, når det kjem. Mange dugnadstimar seinare med fjerning av laust og fast inventar, bering, inspisering, rydding, sikring og tildekking, såg det slik ut i kyrkja...

Orgelet og galleriet er vekke

 

Når alt dette var gjort, var det berre å setje igong. Utan orgel og galleri, var det greit å komme til i alle krinkar og krokar av kyrkja med fugemasse og malarkost. Dette var derimot ikkje gjort utan kunnig hjelp og friviljuge kyrkjelydsmedlemmar, og mange fleire enn dei som er avbilda her. Me er takksame for alle som har vore med til no, og me er glad dei ikkje har høgdeskrekk...

Malejobbing

Det er vikitg at kyrkja både ser bra ut før det nye orgelet og galleriet kjem på plass, og at kyrkja er så god som mogeleg med tanke på akustikk. For dei som ønskjer å vete meir om dette, er kantor, Jan, meir enn glad for å fortelje. For dei som ikkje er så opptatt av kvifor, men som heller vil vere med å gjere ein insats, kan dei ta kontakt med kyrkjeverje, Harald. Han er og meir enn glad for å ta imot hjelp.

Dette er altså ståa per i dag. Me ventar spent på fortsetjinga. 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no