Temakveld/konsert 27. april kl. 19.30

Torsdag 27.april kl. 19.30 vert det konsert med domorganist Sigurd Melvær Øgaard og sopran Laurie R. Øgaard i Fitjar kyrkje

Plakat for temakveld med Sigurd og Laurie Øgaard

I rundt 5 år har vi gledd oss over eit stabilt, stort og strålande orgel i Fitjar kyrkje. Det gir løft til gudstenester og samlingar, og lovsongen vert sterk!

No har du høve til å oppleve orgelet i ein litt annan samanheng. Torsdag 27.04 kjem domkantor i Bergen, Sigurd Melvær Øgaard til Fitjar og spelar konsert i kyrkja kl. 19.30. Han har med seg songaren Laurie Robertson Øgaard, og det vert både rein orgelmusikk og verk for song og orgel. Mellom anna får vi høyre musikk av både Bach og Händel, og det vert smakebitar frå amerikansk musikk som vi kanskje ikkje så ofte høyrer.

Sigurd Øgaard er ein av Noregs dyktigaste organistar, og på vegner av temakveldgruppa er det ei stor glede å ønske han velkomen til Fitjar! Det kan vere lenge til neste orgelkonsert, så me oppmodar folk til å nytta høvet.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"