Temakveld 27. oktober

Torsdag 27.oktober kl. 19.30 kan de få med dykk Herrens glade gutter spele konsert i Fitjar kyrkje. Broder Åge og og Elvis i salig blanding.

Temakveld 27. oktober

På temakvelden no i oktober vert det konsert med sju vaksne mannfolk frå Fitjar. I vår vart Harald Rydland utfordra til å arrangera konsert på Øvrebygda Bedehus. Saman med gode musikalske vener vart det framført eit program med songar frå Elvis Presley sitt gospelrepertoar og evangeliske songar av Aage Samuelsen, - ein spenstig kombinasjon. No tek dei konserten med seg til temakvelden i Fitjar kyrkje.

Programmet har eit stort spenn, med alt frå rolege balladar, til gospel- og vekkelsessongar med godt driv. Roald Drønen vert med og bind programmet saman.

Dei glade amatørane som deltek på konserten er:

Harald Rydland, kapellmeister på piano, trekkspel og melodika

Tom Rydland, song og tamburin

Arve Rydland, song

Heine Helland, bassgitar

Sigurd André Maraas, gitar

Dagfinn Brekke, gitar og trompet

Bjørnar Jakobsen, trommer

Karane seier dei har stor glede av å spela i lag, og håpar at publikum vil gleda seg saman med dei på temakvelden i Fitjar kyrkje den 27. oktober.

 

temakveld 10.22 Herrens glade gutter.jpg

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"