«Korperler frå mange århundrer» - Grex Vocalis kjem til Fitjar

Fredag 31. mai kl.19.30 held det Oslobaserte koret Grex Vocalis, under leiing av Carl Høgset, konsert i Fitjar kyrkje. Konserten deler dei med koret Corona frå Stord, dirigert av Irene Simonsen. Me ser fram til ei koroppleving av dei sjeldne her på Fitjar, og håper at mange korvener og songarar vil koma og dela denne kvelden med oss.

«Korperler frå mange århundrer» - Grex Vocalis kjem til Fitjar

Grex Vocalis vart stifta av Carl Høgset i 1971 og etablerte seg snart som eit av dei leiande kammerkora i Noreg. Koret er inne i sitt siste år, og dette er den siste turneen koret gjer i Noreg.  

Koret har heilt frå starten hatt internasjonale musikalske interesser og ambisjonar. Varemerket til koret er den spesielle, homogene klangen som har kjenneteikna Grex frå første plateutgjeving og fram til i dag.  Grex Vocalisspesialiserte seg i starten på tidlegmusikk, og har teke med seg inspirasjon frå uttrykket til tidlegmusikk til andre epokar.

På konserten på Fitjar skal koret framføra musikalske høgdepunkt frå mange ulike epokar, og av utanlandske og norske komponistar, som t.d.  G.P. da Palestrina, Arne Nordheim , Giuseppe Verdi , Edvard Grieg, Felix Mendelssohn- Bartholdy og Trond Kverno, - for berre å nemna nokon.

Grex Vocalis har turnert mykje både i Noreg og Europa, og har besøkt Japan og Cuba. Koret har vunne tre Spellemannprisar, førsteprisar i nasjonale og internasjonale korkonkurransar, gitt ut ti plater og medverka på enda fleire. Det er første gong koret syng i Sunnhordland.

Billettar kan de kjøpa i døra, eller de kan førehandsbestilla billettar hos Hildegunn Aadland 95138011. (bill.priskr. 250/ stud. Kr.200)

Hjarteleg velkomne!

Helsing Temakveldgruppa i Fitjar kyrkjelyd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"