Soknerådet har ansvar for det åndelege livet i soknet, avgjerdsmynde i ein del saker som gjeld gudstenester, og har ansvar for aktiviteten i kyrkja, m.a. utleige av kyrkja. Soknerådet er ansvarleg for konfirmasjonsopplæringa, for dåpsopplæring og for diakonien. Arbeidsfelta er med andre ord mange og utfordrande. Soknerådet/fellesrådet som vart vald hausten 2019 og er vald for perioden 2019-2023.
Sidan me er ein eittsoknskommune har soknerådet og ansvar for økonomistyring, vedlikehald av kyrkja og kyrkjegard, og har tilsetjings-og arbeidsgjevaransvar for dei kyrkjeleg tilsette med unntak av soknepresten.
FITJAR SOKNERÅD 2019-2023
- Svein Lunde, leiar
- Wenche Andersen Helland, nestleiar
- Sigrid Marie Fangel, skrivar
- Tom Rydland
- Anne Marie Røed
- Herman Inge Aadland
- Håkon Rydland Sæbø
- Åse Rygg H. Nøttveit
Varamedlemar:
- Jostein Skram
- Karin Maria Korsvik
- Magnor Tverderøy
- Hilda Gloppen
- Jan Ottar Wiik
Kommunal representant:
- Sigurd André Maraas, kommunal representant
- Jo Kjetil Strand, vararepresentant
Geistleg representant:
- Roald Drønen
- Svein Arne Theodorsen, vararepresentant