Dale kyrkje

Dale kyrkje i Fjaler er ei romsleg kyrkje med plass til ca 400. Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1864. Til 100 årsjubileet i 1964 vart kyrkja resaturert. Då vart tømmerveggane avluta, det vart lagt nytt golv og kyrkjebenkane vart utskifta. Koret er åttekanta men kyrkja har knapt våpenhus.

Dale kyrkje

Også i Dale har det stått kyrkjer tidlegare. Første gongen vi finn Dale kyrkje nemnd i skriftlege kjelder, er i Bjørgvin Kalveskinn frå om lag 1350. Dette var truleg stavkyrkja som vart riven i 1593. Den førre kyrkja sto truleg frå 1594 til 1864. Årstalet 1594 står inngravert på den eldste kyrkjeklokka som heng i tårnet. 

Orgelet er frå 1983 og er eit veldig godt orgel bygd av Bruno Christensen. Elles har ein sidan 1996 fått installert brannalarm, elektrisk ringing og ny elektrisk hovudtavle. Ny kyrkjeløpar vart gjeven som gåve. Den eine lysekruna, som sidan 1964 hadde stått nedstøva og sund på eit loft, vart restaurert tilbake til det opphavelege med levande lys av Asbjørn Igelkjeøn. Den heng no mellom dei to med elektrisk lys og vert tent ved lysmesse og nokre kveldsarrangement i den mørke årstida.

Altartavla er frå 1864 måla av Anders Askevold og viser Jesu oppstode. I tillegg har kyrkja ei gamal altartavle frå 1620 som no heng på skrå framme i kyrkjeskipet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"