Folkestad bedehuskapell

Folkestad bedehuskapell er privateigd. Kapellet har ei tredelt bygningshistorie, og mitredelen utgjer det som frå 1913 var bedehuset i Folkestadbygda. Fjaler sokneråd leiger kapellet til kyrkjelege arrangement som gudstenester, vigslar og gravferder.

Folkestad bedehuskapell

I 1940 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk og fekk då namnet bedehuskapell. Det vart bygd på ein kordel med sakristi på nordsida. I 1983 var det bygd på nytt inngongsparti med våpenhus og eit lite klokketårn.
Bedehusforeininga som har teke ansvar for å skaffe pengar til huset vart starta i 1956.

Altartavla er frå 1940 og er måla av prost Sigurd Folkestad. Motivet på tavla er "Jesus som gartnaren i vingarden."
Preikestolen er frå 1913 og mest truleg bygd av byggmeisteren Gerhard Folkestad.


Døypefonten av tre er frå 1940 og er laga av Johannes Hovland.
Orgelet som er plassert framme på venstre side av kyrkjeskipet, har fem stemmer og er kjøpt i 1994 og er levert av Venheim Orgelbygg.
Kyrkjeklokka er frå 1914, O. Olsen & Sønners Klokkestøperi. Innskrift: Salige er den døde, som dør i Herren".

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"