Om dåpen

Her finn du nyttige tips om planleggjing og gjennomføring av dåp i Fusa.

Det er der ikkje noko større vi kan gjere for barnet vårt, enn å bringe det til Gud. Han som har skapt det i sin kjærleik, og som ynskjer å omslutte det med denne kjærleiken gjennom heile livet. Denne gode samanhengen må dåpsbarnet både få oppleve og lære om. Ved dåpen går såleis barnet inn i kyrkja sitt trusopplæringsprogram: «Størst av alt». Dette programmet kan du lesa meir om her.

Det er lurt å planleggja dåpen sånn at alt er i orden i god tid før dagen kjem. Det gjeld å finna fadrar, å avklara med familie og vener, og å ordna markering etter. Presten tar kontakt vanlegvis ei veke eller to i forvegen for å avtala dåpssamtale. Denne finn stad i heimen eller på kyrkjekontoret. Her snakkar ein om kva dåpen er, gangen i dåpshandlinga, og om dåpsopplæringa. I tillegg får barnet Fusa sokn sin dåpsperm med CD. For familiar som bur utanfor Fusa, er det oftast greiare å ta dåpssamtalen i sitt lokale sokn - då må ein sjølv ta kontakt med kyrkjekontoret der for å avtala.

Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og medverka i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, og vera medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna tilsvarande kyrkjesamfunn.

Er det noko de ynskjer å spørja presten om? Tenk gjerne gjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"