Om dåpspermen og dåps-CDen

Ei gåve til dåpsborn, som vert flittig brukt av mange.

Dåpspermen, og CDen som fylgjer med, er lagde lokalt i Fusa. Permen inneheld informasjon om dåpen, bøner og takkebøner som de kan be saman med barnet, songnotar de kan syngja til eller saman med barnet, bibelforteljingar som kan bli leste opp for barnet, samt formingsoppgåver de kan gjera saman. På CDen finn de innlesingar av bibelforteljingane frå permen, samt mange av songane som det står note til.

Me er svært stolte over permen og CD-en her i Fusa, sidan prosjektet er vårt eige - det er stort sett berre er lokale folk som har teikna og tatt bilete, skrive tekstar, laga sats til songar, og spelt inn lydspor og songar til CDen (med hjelp av Norheimsund Trykkeri og cdproduksjon.no til trykk, og Rune Hodne Hermundsplass til innspeling av musikken). Permen og CDen er til god hjelp for foreldre når dei vil læra borna sine opp i den kristne trua, og legg eit grunnlag for den vidare trusopplæringa.

Både permen og CD-en kan kjøpast som gåver til born/vordande foreldre som bur utanfor soknet, og CD-en er òg tilgjengeleg på Spotify under Fusa sokn. Inntektene går til Children Burn and Wound Care Foundation, som er eitt av misjonsprosjekta våre.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"