Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Diakoni og misjon

Fusa sokn vil vera ein raus kyrkjelyd.

Gjennom misjonale og diakonale tiltak ynskjer me å spreia bodskapen om Kristus som frelste verda, og om kjærleik for alle menneske.

Misjonsprosjektet i Fusa har i fleire år vore knytta til Tabor Evangelical College, som utdannar teologar og forkynnarar i Awasa, Etiopia. Stønaden vår går hovudsakleg til stipend for elevar som går på skulen, ettersom mange av dei ikkje har nok pengar sjølve til å betala for ei utdanning. Me har òg fått vera med og gje pengar til skulebygg og kyrkje i Awasa. Gjennom åra har me arrangert fleire kyrkjelydsturar til Etiopia for å vitja dei og sjå kvar pengane har gått.

I tillegg har me samarbeidd med Children's Burn & Wound Care Foundation (CBWCF), óg kalla Children's Burn Care Foundation. Dette er ein organisasjon grunnlagd av Einar Eriksen og Hans Petter Schjelderup, som ynskjer å gje profesjonell hjelp til brannskadde born i Etiopia og nabolanda. Dei driv to sjukehus i Etiopia - eitt i hovudstaden Addis Abeba, og eitt i Hagere Mariam. Fusa samlar pengar til dette arbeidet gjennom å organisera Walk & Run annakvart år.

Me har òg lokale diakonale tiltak som me gjennomfører årleg, ofte i samarbeid med Fusa friviljugsentral, men òg med eit eige diakoniutval. Det sentrale ordet for oss er RAUS - at me gjev med raus hand, og at me skal vera rike på gode gjerningar. Me gjev vidare med takksemd, for Gud gav oss allereie alt me har.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"