Fusa Soul Children er eit prosjektkor for tweens og ungdommar. Prosjekt vanlegvis både vår haust.
Fjord'n barnekor er eit kor som held til på Eikelandsosen bedehus, annankvar torsdag mellom 17:30 og 18:30. Dei har fleire opptredenar gjennom året, både på gudstenester og elles.
Kyrkjekoret held øvingar i Fusa kyrkje, mellom 20:00 og 21:00 på torsdagar. Dei deltek under somme gudstenester i Strandvik eller Fusa kyrkjer gjennom året, mellom anna for å støtta opp under salmesongen. Koret er for dei vaksne.
Sine Nomine er eit blandakor for vaksne, leia av kantor Iman de Zwarte. Dei øver i Fusa kyrkje og opptrer nokre gonger i året på gudstenester og andre arrangement.