Kor i Fusa?

Her i Fusa!

Songbuketten er både kor og aktivitetsgruppe, som går for seg i kjellaren på Nordtveit bedehus på måndag ettermiddag nokre gongar i halvåret. Songbuketten er open for alle frå fire år og oppover, og har medlemer opp i tenåra, samt foreldre som ofte er med på samlingane. Dei øver mellom 17:30 og 18:30, ein måndag i månaden.

Fjord'n barnekor er eit kor som held til på Eikelandsosen bedehus, annankvar torsdag mellom 17:30 og 18:30. Dei eldste i koret har òg høve til å vera med på ei dansegruppe som øver i ein halvtime etter at koret er ferdig, eller på Gjengen på taket, som er klubbsamlingar med pizza på loftet. Dei har òg fleire opptredenar gjennom året, både på gudstenester og elles.

Fusa Soul Children driv som både kor og dansegruppe, der det fyrst er korøving frå 15:00 til 16:00, deretter danseøving frå 16:00 til 17:00. Dette skjer annankvar torsdag, same dag som Fjord'n barnekor øver. Fusa Soul Children er ein del av Soul Children-rørsla, og er tenkt til dei som går i 7. klasse og oppover. Nett som Fjord'n barnekor har dei fleire konsertar eller opptredenar i løpet av semesteret.

Kyrkjekoret held øvingar i Fusa kyrkje, mellom 20:00 og 21:00 på torsdagar. Dei deltek under somme gudstenester i Strandvik eller Fusa kyrkjer gjennom året, mellom anna for å støtta opp under salmesongen. Koret er for dei vaksne.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"