Bibel-, bøn- og lovsongskveldar (eller BBL) er ein onsdag i månaden på Eikelandsosen bedehus, frå 19:00 og utover. Her syng me lovsongar saman, har bønevandring og ein andakt.
Undervsiningskveldar: Ein onsdag i månaden samlast me til bibelundervisning på Eikelandsosen bedehus. Prestane Einar Ekerhovd og Anette Emilie Gangstø underviser bok for bok frå bibelen, 45 minutt frå GT og 45 minutt frå NT kvar samling.
Bønesamlingar skjer rundtom på bedehus i heile Fusa - på Foer, Eikelandsosen og Nordtveit bedehus, samt i Hålandsdalen kyrkje, mellom 17:30 og 18:00 på onsdagar i partalsveker. Her fylgjer me eit fast bøneoppsett og ber om framgong for området rundt bønestaden.
Gjennom desse samlingane ynskjer me å fremja bøn og samvere som ein viktig måte å vera i kontakt med Gud på. Me trur at når me bed, høyrer Gud oss, og han svarer med det som me treng.