Andre samkome

I tillegg til gudstenester, har me mange andre jamlege samlingar i soknet.

Bibel-, bøn- og lovsongskveldar (eller BBL) er torsdagstreff på Eikelandsosen bedehus, frå 19:00 og utover, der ein talar kjem for å gå djupt inn i eit bibelsk tema. Desse samlingane har òg bønevandring og mykje lovsong.

Bønefrukostar er samlingar på torsdag morgon, mellom 8:30 og 9:30, for dei som  har tid og ynskjer ein god og meiningsfylt start på dagen. Desse skjer òg på Eikelandsosen bedehus.

Bønesamlingar skjer rundtom på bedehus i heile Fusa - på Boga, Foer, Eikelandsosen og Nordtveit bedehus, samt i Hålandsdalen kyrkje, mellom 17:30 og 18:00 på onsdagar i partalsveker. Her fylgjer me eit fast bøneoppsett og ber om framgong for området rundt bønestaden.

Gjennom desse samlingane ynskjer me å fremja bøn og samvere som ein viktig måte å vera i kontakt med Gud på. Me trur at når me bed, høyrer Gud oss, og han svarer med det som me treng.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"