Ungdomsarbeid i Fusa

Ungdomstida er for mange den tida dei har mest med kyrkja å gjera - gjennom konfirmasjon, ungdomsgrupper, og andre aktivitetar.

I Fusa sokn ynskjer me å gje ungdom gode opplevingar som dei kan ta med seg resten av livet. For dei aller fleste kjem desse opplevingane gjennom konfirmasjonstida, der dei er med på eit opplegg som varer frå september til mai, med leirar, gudstenester, undervising og ulike aktivitetar. Men me har òg fleire andre aktivitetar retta mot tenåringar:

- Fusa Soul Children: Kor og dansegruppe for dei som går i 7. klasse og oppover, med øvingar annankvar torsdag. Du kan lesa meir om dei på kor-sida vår.

- AfterKonf: Leiartrening for dei som ynskjer litt ekstra utover det dei får i konfirmasjonstida. AfterKonf-gruppa er open for dei mellom 14 og 20 år, og møter på loftet på Eikelandsosen bedehus etter konfirmantundervisingstimar. Her er det samtale, bøn, undervisingstimar der ein går djupt inn i eit tema som handlar om kristen tru eller leiarskap, og alltid ein gjest som kjem for å halda andakt. Deltakarane får òg visse oppgåver gjennom året, samt høve til å vera med på ein inspirasjonstur. Om du er interessert i meir informasjon om gruppa, ta kontakt med eitt av namna lenger ned på sida.

- Ungdomsgudstenester: Ein gong i månaden gjennom heile skuleåret, blir det arrangert ungdomsgudstenester på Eikelandsosen bedehus, sundagar klokka 19:00. Dette er gudstenester med ein tydelegare ungdomsprofil, og har få liturgiske ledd og kortare preiker, med nattverd, bønevandring, og felles kveldsmat på slutten. Alle aldrar er velkomne til å vera med på desse, men dei er særleg tilpassa dei som er mellom 14 og 20.

I tillegg har me andre ungdomsretta enkelthendingar i løpet av året, som du kan lesa meir om under.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"