Etterfølgerane til Jesus fekk i oppdrag å døype og undervise om Gud sin gode vilje med menneska sitt liv. Sidan vår kyrkje døyper barn, er det viktig at barnet får opplæring i kristen tru. Ved dåpen seier presten mellom anna dette til foreldre og fadrar:
"Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg for henne/han/dei, be for henne/han/dei, læra henne sjølv / han sjølv / dei sjølve å be og hjelpa henne/han/dei å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, så ho/han/dei kan leva og veksa i den kristne trua."
Kyrkjelydane har tilbod om trusopplæring for alle døypte. Dette kan du lese meir om under snarveien "Barn og unge" nedanfor.