Konfirmasjon

KONFIRMASJON
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du mulighet til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.
Når det gjeld konfirmasjonstidspunkt, er dette likt kvart år;
Vigra har siste helga i april
Giske og Valderøy har første helga i mai (om 1. mai er søndag, er det første helga i mai)
Godøy har andre helga i mai
KONFIRMASJON 2023:
Presentasjonsgudstenester
Giske: 11.09.2022 kl. 11.00
Godøy: 11.09.2022 kl. 13.00
Valderøy: 18.09.2022 kl. 11.00
Vigra: 25.09.2022 kl. 11.00
Det blir eit kort informasjonsmøte rett etter presentasjonsgudstenestene!
Konfirmasjon:
Vigra : 29. / 30. april 2023
Giske : 6. / 7. mai 2023
Valderøy: 6. / 7. mai 2023
Godøy : 13. / 14. mai 2023
Påmelding til konfirmasjon
Påmelding skjer digitalt.
Trykk på lenka "Påmelding 2023", så kjem du til Mi kyrkjeside - der kan du logge deg inn og melde på konfirmanten.
Vi håper dei som vil konfirmere seg, er raske med å melde seg på. Etter påmelding vil det meste av informasjon kome som SMS eller gjennom Spond.
Oppstart av undervisning
Dette kjem vi tilbake til. Det er vanleg å starte undervisninga i september. Dei som er påmeldt, vil få beskjed om tid for oppstart .
Leir
Det er ikkje avgjort om det blir leir dette konfirmasjonsåret.
Konfirmasjonsavgift
På informasjonsmøtet vil det bli gitt opplysning om kva fakturaen vil lyde på.
Ansvarleg prest
Benjamin B. Anda har ansvaret for konfirmantar frå Giske, Godøy og Vigra.
Gunnhild Roaldsnes Bremer vil ha ansvaret for konfirmantane på Valderøya.
Med håp om ei fin konfirmasjonstid
Venleg helsing
Prest: Benjamin Anda mob: 93227220
e-post: benjamin.bjornsen.anda@giske.kommune.no
Prestevikar: Gunnhild Roaldsnes Bremer mob.: 46320324
Sekretær: Inger M. Godø Tlf. 90597055