Søndag 3. november er det Allehelgensdag og vi har ei minnegudsteneste i Vigra kyrkje kl. 17.00, der vi minnast dei som har gått bort i løpet av det siste året.
Det blir stillheit, ettertanke, vakker musikk, lystenning, bøn, salmesang og minning.
Kom som du er med di sorg og ditt sakn og ver med på ei god stund i kyrkja saman med andre i liknande situasjon som din.
Gunnhild Roaldsnes Bremer og Hallvard Nordstrand leier gudstenesta. Musikken står Zhala Aliyeva på cello og Margaret Haugland på orgel/piano for.
Varmt velkomne!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.