Starten på slutten på starten

I eit famlande mørke sat Jesus på kne i Getsemane hage. Var der ein engel ved hans side? Var den synleg eller ikkje?

Mor Maria er omringa av den tomme, svarte grava til sonen sin. Men midt i mørket lyser ein engel, Maria med opne armar og den spede starten på Vår Frelsar sitt liv.  Teikning av Theodor, 7 år og son til kyrkjeverje.

Engelen hadde truleg ikkje kloke eller fornuftige ord å seie, men som engel visste den verdien av å vere saman. Vere ved Jesus si side når dødsangsten kom veltande.

Læresveinane hadde sovna. Og det medan Jesus bad Gud om å få sleppe å døy. I samanhengen skal seiast at Jesus var villig til å gjere Gud sin vilje, sjølv med tortur og dødssmerter ventande. Kjærleiken er størst av alt og den er ikkje berre fryd og glede.

Du kunne sjå sola velte over Getsemane hage og den fuktige lufta som vitna om at natta var over, kunne du både kjenne og smake på. I morgonsola kunne du skimte refleksjonar i stål og uniformar. Du kunne høyre rytma av soldatar som var på vandring. Kvar skulle dei eller var dei på sin vanlege morgonmarsj? Denne gongen var noko annleis. Dei var uvanleg stille og etter kvart kunne du skimte Judas saman med dei. Kva skulle han vere med dei for?

Læresveinane hadde gnikka søvnen ut av augene, men det som skjedde vidare var eit mareritt som dei skulle ønske dei kunne vakne frå ein gong til. Eit utmatta ansikt vitna om at han visste kva som skulle skje i det Judas steig fram og kyssa han på kinnet.

Soldatane steig myndig fram og arresterte denne fredelege mannen som skulle gjere verdens største offer. Læresveinane forstod framleis ingenting. Peter som var ein «gjer fyrst – tenk etterpå» person, reiv sverdet frå eine soldaten og høgg av han øyra. Ikkje veit vi om han tenkte det skulle sette dei alle på plass og sleppe Jesus fri, men med sitt rolege vesen bøygde Jesus seg til bakken, plukka den blodige øyra opp og sette den tilbake der den høyrde heime. Dei romerske soldatane hadde høyrde om det umulege denne mannen kunne gjere, men å vere vitne til det, var ei sjelesettande oppleving. Sjølv den barskaste av dei barske, tok eit steg tilbake då dei såg eit lysglimt av Gud si makt.

Neste år skal du få høyre meir om kva som skjedde.

Det perfekte

Gud hadde ein plan. Gud har ein plan. Også med deg.

Kanskje blei det lenge å vente til neste påske med å vite historia som følger? Eg kan avsløre:

Det gjekk ikkje bra for Jesus. Historia gjekk frå vondt til verre. Før det enda i ein magi som vår hjerne med sine 1,4 kilo og 100 milliardar nerveceller nokon sinne kan fatte. Jesus fullførte Gud sin plan om gi deg eit val om liv eller død. Kva vel du?

Dette er historia om Vegen, Sanninga og Livet. Ingen kjem til Himmelen utan gjennom Jesus. Han som stod opp frå døden si makt og kunne med si siste stemme på denne jorda rope: «Det er fullført!!»

 

-Katrine Ruth Overå-
Kyrkjeverje og dagleg leiar i kyrkjene i Giske
April 2025

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"