Første søndag i advent markerer vi tradisjonelt med ei stemningsfull lysmesse. I gudstenesta går konfirmantane i prosesjon og deltek aktivt gjennom tekstlesing, lystenning og bøn. Dette er ein vakker måte å starte adventstida på, med eit sterkt fokus på håp og lys i mørket. Vi gler oss til å dele denne høgtidsstunda med dykk alle og ynskjer velkommen til ei gudsteneste fylt med forventning og adventsglede!
Håkon Ø. Kinsarvik er liturg, konfirmantmedarbeidaren Maren Daae og Eirik Halsnes er med i ulike oppgåver, Peter T. Jobbagy er organist og Astrid Øie Tveit er kyrkjetenar. Frivilleg klokkar er Aage Sandal, og kyrkjevert er Laila Margaret Kjelby
Takkofferet går til Sundagsskuleforbundet. Du kan gjerne gje gåva på førehand på Vipps nr. 85358.
Alle er velkomne til ein stemningsfull start på adventstida!