Dåp i Gulen

Når eit barn vert født, får ikkje lenger kyrkjekontoret melding om dette, men kyrkja i Gulen ønskjer alle velkomen til dåp

Dåp i Gulen

Namneval
Folkeregisteret godkjenner namneval og utsteder fødselsattest for barnet med namn og personnummer. Fødselsattest forevisast presten i dåpssamtalen som finn stad før dåpen.

Ønskje om dåp
Dersom ein ønskjer å døype barnet, må ein ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for dåp og dåpssamtale. Ein bør sjå gjennom gudstenestelista som ligg både på framsida her på nettstaden og dessutan i kyrkjeblad for Gulen. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med prest.

Dåp utanfor Gulen
Sjølv om ein ønskjer dåp utanfor Gulen, må ein kontakte kyrkjekontoret her for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.

Fadrar
Barnet skal ha minst to fadrar, men ein kan ha opp til seks stykker (foreldre er ikkje fadrar). Fadrane skal vere fylte 15 år, og skal normalt vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert sendt ut eigen informasjon til fadrane om kva ein forpliktar seg på ved å seie ja til å vere fadder. Fadrane får eit viktig ansvar: "Å be for barnet, lære det sjølv å be, og hjelpa det til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at det kan verta verande hjå Kristus når det veks opp, liksom det ved dåpen vert sameint med han" (frå Den norske kyrkja sin dåpsliturgi).

Dåpssamtalen
Før barnet vert døypt, skal ein ha dåpssamtale med presten. Som regel kjem presten på besøk i heimen, men av og til kan det høve å ta samtalen på kontoret. I samtalen snakkar ein saman om:
- kva dåpen er
- korleis dåpshandlinga går føre seg
- korleis kyrkja kan hjelpe med å gi barnet ei kristen oppseding

Dåpsgudstenesta
Dåpen skjer i ramma av ei ordinær gudsteneste i soknet. Dåpen er ei kyrkjeleg handling, så derfor vert heile kyrkjelyden involvert. Ein bør vere varsam med å bruke blitz under sjølve dåpshandlinga. Dette vil ein uansett få rikeleg høve til ved døypefonten etter gudstenesta, der alle kan stille seg opp, så ein kan ta gode bilete i fred og ro.

Med dette ønskjer vi i kyrkja i Gulen velkommen til kyrkje og dåp. Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er noko de lurar på.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"