På spor etter kristendommen i Hareid

4. klasse ved Hareid skule hadde som ein av sine siste dagar før ferien, ein oppdagelsestur etter teikn på kristendommen i Hareid kommune.

Soknepresten i den gamle utgåva av prestekjolen. Spennande å høyre historia til både kyrkja, prestestova, kyrkjegarden og aktivitetane frå langt tilbake i tid.

Som ein del av dette besøkte dei Hareid kyrkje, der dei blei møtt av sokneprest, Leidulv Ø. Grimstad, ved den snart 400-år gamle prestestova.  Han hadde på seg den gamle embetsdrakta, ein samarie med pipekrage.

Inne i prestestova, som truleg er det eldste huset i Hareid (kan ha vore bygd før 1600, ingen veit), fekk dei informasjon om kva ho hadde blitt brukt til; overnatting for presten, møterom for formannskap og heradsstyre, gamleklokkaren sine samlingar av unge preikelause søndagar, dentidas trusopplæring.  Prestestova er også eit lite museum, her er blant anna klaven til gapestokken. 

Kyrkjegarden
Ute på kyrkjegarden fekk dei omvising, og fekk sjå bautastein frå før kristen tid og kvar den første kyrkja sto. Vi har også stadnamn som fortel om tidleg kristendom: Korsneset, Korshamna, St. Olavsskuta, ein stein ute ved Buhammaren og Sunniva-kjelda i Hovliden.

Ved omvisninga inne i kyrkja fekk dei sjå liturgiske klede og orientering om kyrkja si historie og verdifulle gjenstandar som ho inneheld.
Kyrkja er open store delar av sommaren, og har du lyst til å besøke kyrkja er det berre å gå innom, ho er open frå kl 8-15 tysdag til fredag.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"