Preiketeksta frå Melshornet 2. pinsedag v/Margit Lovise Holte.

2. pinsedag var gudstenesta i Hareid lagt til Melshornet. Mykje vind og litt dårleg lyd gjorde at sokneprest (Ulstein), Margit Lovise Holte, lovde at preiketeksta skulle leggast på heimesida vår. Her kan du lese den, utan vind....

Mykje vind, men i strålande sol på Melshornet under preika v/Margit Lovise Holte 2. pinsedag. Foto: Kristian Fuglseth

Johannes 6; "Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg. Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv."

Mange har fått med seg at det kongelege bryllaupet i Storbritannia no på laurdag. To menneske som i ei vakker kyrkje lova kvarandre å leve ilag i eit ubegreinsa antal dagar. Eg hadde vigsel rett etterpå i Ulstein kyrkje, men eg fekk med meg eitt av høgdepunkta. På internett skriv avisene om vakre Megan sin kjole, om musikken, det store oppmøte, det nydelege været og romantikk – men det mange også skriv om talen til biskop Michael Curry. Med kraft, temperament og patos talte han på utradisjonelt vis – vertfall i det meir formelle England. Biskopen gira seg opp, folk smilte og nikka gjenkjennande. Han snakka om kraft – med stor kraft. Som eit lite pinseunder i litt småstivt hattebryllaup snakka han om kjærleiken si kraft.  Han snakk om korleis alt som er til;  i det skapte, mellom oss menneske, i naturen og ja, til og med i fysikken- alt er avhengig av kraft. Utan kraft er det ingen rørsle, inga skaping. Utan rørsle og kraft er det ingen kjærleik. Han ba dei to unge,  og oss alle om å leve i kjærleikens kraft – han sa:  «at dersom kjærleik er vegen – då vil vi faktisk behandle kvarandre som om vi var familie» På mange måtar var han sjølv eit vitne om kvifor vi feire pinse, - han feia inn evangeliet med humor, med gester,  aksent og afroamerikanske sjargong. Han viste at det er dette pinse handler om – alle kan få kraft! Alle skal bli opplært slik Jesus fortel; opplært til å kjenne kjærleiken si kraft!

Det er kraft som løftet frå Gud. Kraft ligg i løftet frå Jesaja vi nettopp las, og den krafta var verksam hjå dei fyrste som var kalla kristne i Antiokia som vi også las om. Og  det er den same krafta – til å tru og leve i tryggheit og tillit –  Jesus fortel om i sin tale. Kjærleikens kraft er den som endrar vårt liv. Det er lett å sjå det i to nyforelska som gifter seg i eit slott. Det er lett å forstå at dei som såg Jesus og var i berøring med han kunne erfare og kjenne på krafta i hans nærvær. Dei fyrste kristne som opplevde Anden falle som eldtunger,  det kan hende det også var lettare for dei. Dei var så ivrige, og dei hadde enno nokre augevitne til Jesus ilag med seg. Det er lett å tenke at Guds kraft, kjærleikens kraft, var meir tilstade før enn den er no. At Gud var meir hjå Israelsfolket, eller i urkyrkja, eller før i tida når folk var sånn «skikkeleg» kristne. Å tenke slik er å redusere Gud. Den treenige Gud er evig, og hans kjærleik til menneske er evig. Gud opprettheld sin skaparkraft på jorda- er ikkje våren i år like vakker som i fjor? Tru om den ikkje enno vakrare i år? Jesus lærer oss at sæl er den som tek imot han i tillit, trur på han – han skal vert frelst. Å la seg elske, å ta imot kjærleik og stole på den – ha tillit til den – det er lett for nokon, medan for andre er det meir utfordrande. Å elske og å tru – det er to sider av same sak hos Johannes. Og kjærleikens kraft – Anden si kraft – den er like mykje tilstade hos oss som på pinsedag. Kjærleiken kraft gjennomrislar våre liv i dåpen. Slik vatnet renn over hovudet vårt vert vi fylt av den heilage Ande og vi vert kalla til å leve eit heilagt og alminneleg liv. Eit liv i kjærleiken si kraft. Å leve og vekse i den kriste trua er å brette ut dette livet i  kvardagen. Å sjå Guds kraft, gøymt i det alminnelege livet.

Pinse handler om å vere tilstade og leve no i eit heilag og alminneleg liv. Pinsa og Anden sin kraft er evig. Den krafta formar og skaper våre liv, og som lærer oss opp slik Jesus fortalde. Anden let oss sjå Guds kjærleiks kraft i alt det skapte og alt det gode. I eit barn sin klem og varme hand som tek di. I vår elskedes kjærteikn, i eit smil, i eit varmt handtrykk, og ei hjelpande hand. I vakre bord som vert dekka til middag eller brødskiva til frukost. I kvar dag som tek til før vekkerklokka ringer. Gud Ande er ikkje berre noko ekstraordinært for spesielt superkristne. Den manifiser seg ikkje berre i eldtunger og store, åndelege opplevingar. Det eg ville minne om i dag er at Gud kjærleiks kraft er gjeven til oss i kvardagen. I det skapte livet vårt, i naturen, i samværet oss imellom, - her ligg krafta som lærer oss å kjenne vår liv og sjå det som ein viktig del av Gud kjærleiks kraft i verda. I Guds rike er det ikkje noko som heiter… sjølvsagt eller sjølvfølge. I Guds verd er alt gåver. Når kjærleiken er vegen, vil vi gjenkjenne Guds gode berøring i våre liv. Vi sit her i vinden på eit fjell. Sjå kor vakkert det er! Kan du sjå Guds kjærleik til deg i alt dette vakre? Kjenn krafta i vinden. Den er bod om Gud kjærleiks kraft som «signar vårt strev og vår møda, som signar kvar ærleg arbeidshand, som gjev liv og grøde» Som vi snart skal synge.. Gud kraft i ditt liv. Akkurat slik du treng. Som din dag så skal di kraft også vere. Eg vil avslutte med eit dikt av Hans Børli:

Jeg sitter her i en kirke
av skogduft og dogg og dag
Linnea ringer til messe
med lydløse klokkeslag
og presten har intet ansikt
og prekenen har ingen ord
Det hellige sakramentet er angen av vårlig jord
en løvsanger kviter ved rede
en bille bestiger et strå
og dypt i den signede stillhet
hører jeg livshjertet slå
Det finnes en tillit i verden
et lys over store og små.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"