Planar om dåp?

Velkomen til dåp! I Hareid har vi gode tradisjonar for dåp og vidare deltaking på trusopplæringa som er frå 0-18 år. Dei fleste døypast kort tid etter dei er fødd, men dåp er open for alle - uansett alder.

Planar om dåp?

Dei som er født i Hareid kommune, der ein av foreldra er medlem av kyrkja, får automatisk invitasjon til dåp. Men alle som ynskjer dåp kan bli døypt, ta kontakt med kyrkjekontoret. Dåp kan også meldast direkte på vår heimeside: Meld dåp

Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.

DÅP = MEDLEMSKAP I DEN NORSKE KYRKJE
Dåp i Hareid sokn er ope for alle, uansett alder. Da Hareid sokn er del av Den norske kyrkje og er del av den Lutherske tradisjonen så døyper vi born oftast kort tid etter dei er fødd. Dette blir då gjort i ein gudsteneste. Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom eller vaksen er ein hjarteleg velkommen til det. Vi døyper ungdommar, konfirmantar og vaksne. Dåp av ungdommar og vaksne kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.

Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med sokneprest for å avtale samtale og organisering av dåp.

NYTTIGE TIPS TIL PLANLEGGING AV DÅP: Les her

Gudstenester med dåp i Hareid kyrkje 2018:
21.oktober
28.oktober
04.november
11.november
02.desember
25.desember


Datoar for dåpssamtale i 2018:

Tysdag 02.oktober kl 18.00
Torsdag 08.november kl 18.00
Torsdag 13.desember kl 18.00

Dåpssamtale blir haldne i kyrkja ein gong i månaden. Om dato eller tidspunkt ikkje høver, kan ein avtale dåpssamtale på eit anna tidspunkt. 

 

Å VERE FADDER:
Fadderansvaret handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusopplæring. Det er foreldra til barnet som spør nokon om å vere fadder, det er ei tillitserklæring å bli spurt.
Fadrane skal vere vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. Dei lover også å be for barnet og lære barnet å be. Dessutan skal fadrane hjelpe barnet til å verte kjende med bibelforteljingane og oppmuntre dei til å gå til nattverd.

Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlem av Den norske kyrkje, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.

Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.  
Å vere fadder fører ikkje til sivilrettsleg plikt, som til dømes å skulle overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr.

- - -

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.                                                (Evangeliet etter Johannes, kap. 3, vers 16)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"