Drop-in-dåp i Hareid kyrkje torsdag 30. mai kl 17.00

Å bli døypt i ein drop-in-dåp er heilt enkelt og like stort som å bli døypt i ei vanleg gudsteneste. Velkomen!

For kvar dåp som gjennomførast i Hareid kyrkje, hengast det opp ei kvit due i dåpsgreina.

Om du har hatt eit ønske om dåp, men utan at det har lagt seg til rette tidlegare, så kan dette vere ein lågterskel måte å ordne det på. Dåp treng ikkje vere store selskap og mykje styr. Og ein kan døype seg uansett alder, om det er eit born, ein ungdom eller ein vaksen.
Denne dagen er kyrkja reservert for å kunne gjere dette enkelt, men høgtideleg. Du treng to fadrar (eller fleire, om du vil), og så fyller vi ut dåpsskjema den dagen. Ta gjerne kontakt på førehand, så er vi budd på at du kjem. Prest denne dagen er Lars Hartig-Tangedal. Velkommen!

Kva skjer i ein drop-in-dåp?
Dåp er ein flott tradisjon, som markerer ein ny start og sett livet inn i ein større samanheng. Den norske kyrkja har lang tradisjon for å døype menneskjer i ulik alder,  medan "drop-in-dåp" oppstod i 2015. Ved drop-in-dåp er det moleg å møte opp utan avtale. Du treng heller ikkje gjere praktiske førebuingar
Ved ein drop-in-dåp brukast ei enkel ramme for seremonien. I dåpen får du løftet om at Jesus er med deg alle dine dagar, og gjennom dåpen blir du som er døypt ein del av kyrkja sitt store fellesskap.

Kva krevast for å bli døypt i drop-in-dåp?
Alle kan bli døypt på ein drop-in-dåp, so lenge du ikkje er døypt frå før. Og ein kan møte opp utan avtale. Du treng heller ikkje gjere praktiske førebuingar. Alt du treng er gyldig legitimasjon og 2 som vil vere fadder.
Før dåpen gjennomførast får du ein 10 minutters dåpssamtale med presten. Dette er en samtale som handlar om kyrkja, dåpen og den som skal døypast.
Til seremonien kan du ha med vener eller familie, eller du kan komme åleine med to faddarar. Du kan velge å ha ei markering etterpå med dine nærmaste, eller du kan velge å kun ha dåpsseremonien.

Treng man faddere i drop-in-dåp?
Ja, man må ha faddere når man blir døpt. Det må vere to faddere (eller fleire om du vil).

Kvifor velge drop-in-dåp?
Om du ønskjer dåp, kan du velge drop-in-dåp. Det er ikkje andre grunnar for å velge drop-in-dåp enn dåp elles.
Det kan være ulike årsaker for kvifor ein ikkje har funnet vegen til døypefonten før. Ofte handlar det om at praktiske ting kom i veien. For nokon blei det ikkje dåp som barn, for andre var det ikkje mogleg å få det til tidligare og for nokre igjen var det uavklart om dåp var det ein ønskja.

Det er også eit stort spenn i alder på dei som kjem til drop-in-dåp. Kanskje er det mindre forventningar om selskap knytt til ein drop-in-dåp, sjølv om det er eit spedbarn som blir døypt. Uansett årsak, er drop-in-dåp ein gylden moglegheit til å gjennomføre dåp.

Velkomen!

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"