Allehelgen - helgemesse i Hareid kyrkje 2023

Hareid sokn byd inn til minnegudsteneste laurdag 4. november kl 16.00 før Allehelgens dag. Gudstenesta er open for alle som ynskjer å minnast sine, også om du vil minnast nokon som ikkje var busett her i kommunen og er gravlagt andre plassar. Søndag er det Helgemasse-gudsteneste kl 11.00 og søndag kveld kl 19.00 arrangerer Hjørungavåg Brass "Stille konsert" Onsdag 8/11 kl 19.30 er det Salmekveld "Himmelske perler", som ei fin avslutning på allehelgen

Allehelgen - helgemesse i Hareid kyrkje 2023

Helgemesse 4.-5. november er det tre samlingar i kyrkja:
Laurdag 4/11 kl 16.00: Minnegudsteneste
Søndag 5/11 kl 11.00: Allehelgen-gudsteneste
Søndag 5/11 kl 19.00: Avslutning med "Stille konsert" med Hjørungavåg Brass. Arrangør er Hjørungavåg Brass og konserten er gratis.
Onsdag 8/11 kl 19.30: Salmekveld m/Himmelske perler

TEMA DØD, SORG OG GRAVFERD
I samband med Helgemesse første helga i november, inviterer vi alltid 4. trinn frå alle skulane på kyrkjebesøk. Då snakkar vi om vanskelege tema som død, sorg og gravferd. Dette tema står også på konfirmantane sin plan.

MINNEGUDSTENESTE LAURDAG 4. NOVEMBER KL 16.00
Alle helgens dag er ein spesiell dag der minna om dei som er døde, på ein ekstra sterk måte kjem til oss. Vi vonar at gudstenesta vil kunne vere med på å gi noko å leve vidare på.

Vi har valt denne dagen sidan den kjem i ei helg som har lange tradisjonar og mange og sterke følelsar knytt til seg. Kanskje samlast familien denne helga, kanskje går ein til kyrkjegarden for å besøke ei grav. For nokon er det kort tid sidan dødsfallet, for andre nesten eit år. For mange har denne tida vore heilt annleis enn noko de tidlegare har vore gjennom.

Vi ynskjer å ære minnet til dei som er døde. Dei er ikkje gløymde. På gudstenesta denne laurdagen vil vi lese opp namna på dei som er døde i Hareid sidan siste Allehelgens dag. Det vil også bli song, musikk, skriftlesing, bøn og stillheit.

Vi får kome til gudstenesta med liva våre slik dei er. Vi samlast som eit fellesskap for å forsøkje ta del i kvarandre si sorg og sakn. Men vi vil også samlast om håpet som den kristne trua gir gjennom Jesus Kristus. 

Vi vil tenne lys for kvar av dei som har gått bort. Etter gudstenesta kan den som ynskjer det også tenne lys på bordet framme i koret.Gudstenesta vert avslutta med stille musikk. Diakoniutvalet sine medlemmer vil også vere til stades.

Gudstenesteleiar er sokneprest Lars Hartig-Tangedal.

ONSDAG 8/11 KL 19.30: SALMEKVELD MED HIMMELSKE PERLER
Temaet denne gongen blir ei vidareføring av helgemesse-helga, med tema himmelen.

Vi gler oss over at Sofie Gjerde Tonev, Anna Josefin Jønsson Havåg og Pernille Grimstad vil ta del med vakker song, Leidulv Øyvind Grimstad vil dele nokre tankar over temaet "Meir himmel på jord". Det blir sjølvsagt både allsongar og litt prat innimellom. Kollekt til det kyrkjemusikalske arbeidet.
Det heile blir avslutta med ein enkel kyrkjekaffi bake i kyrkja- Vel møtt til alle!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"