Historieboka «Himmel over bygda» er klar til Hareidsstemneveka 2023

Dette er ei historiebok om korleis kyrkje og kristendom opp gjennom åra har vore med på å skape Hareid, påverka tankeliv og kultur, fått menneska til å samhandle - vore lim i samfunnet. Vi lærer om kyrkjene som har stått i Hareid frå mellomalderen til i dag, om kultur og lagsarbeid i bygdene her på Hareidlandet og det viktige frivillige arbeidet som er gjort i dei tallause lag og foreiningar – for å nemne noko. Boka er krydra med gode illustrasjonar, gamle og nye.

Historieboka vil vere klar for sal 16. oktober, til Hareidsstemneveka 2023. Foto: Stig Hole
 
HIMMEL OVER BYGDA
Hareid historielag er utgjevar av boka, ansvarleg redaktør er Finn Sindre Eliassen, og forfattar er Asle Geir Widnes Johansen. I redaksjonsnemnda har også representantar frå soknet og Osberget vore med. Om 4 år er Hareid kyrkje 150 år. Om 10 år er også det som skjer i dag – historie. Å ta vare på historia vår er viktig og vi er takksam for at Hareid historielag har påtatt seg dette viktige oppdraget med boka.

Korleis kan du kjøpe boka?
Boka vil vere klar for sal på arrangementet til Hareid kyrkjeakademi 16. oktober kl 19.30 i Hareid kyrkje, der historieboka er tema og vi får møte nokre av aktørane bak boka.
Boka vil og selgast i pausen under Hareidsstemna-festen 21. oktober, og fortløpande på kyrkjekontoret.

Takk til bidragsytarar:

Møre Bispedøme
Hareid kyrkjelege fellesråd
Sparebanken Møre
Hareid Kommune
Hareid historielag
Intership AS
Tussa AS

Takk også til forfattar Asle Geir Widnes Johansen, Osberget, og til andre som har bidrege med bileter til boka!
 
Vi gleder oss!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"