Hareid kyrkjelydshus - aktivitetar & møteplassar

Det er aktivitet på kyrkjelydshuset store delar av veka. Huset er til glede for folk i bygda, både liten og stor. Draumen har heile tida vore at huset skal fyllast med lys, lyd og latter - ofte!

Frå kulturdag på kyrkjelydshuset. Foto: Hareid sokn

Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar. Med eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus, er vi med å skaper treffpunkt og møteplassar opne for alle – noko som bidreg til å skape eit meir levande sentrum.

Hareid sokn overtok Hareid bedehus vederlagsfritt frå Hareid KFUK/M og Indremisjonen 31. oktober 2019, med ein føresetnad om eit tilbygg for kyrkjekontor slik at alt blir samla under eit tak. I samspel med Hareid kommune blei dette ein realitet, og det nye kyrkjekontoret sto ferdigbygd 11. november 2022.

For at eit eldre bygg skal stette dagens krav som eit offentleg forsamlingshus, var det nødvendig med ein del oppgradering som mellom anna brannsikring, isolering, ny løysing for oppvarming og modernisert storkjøkken. Oppgraderinga var heilt nødvendig ikkje minst for at huset skulle bli anvendeleg til ulike bruksformål, både for eige bruk og for utleige av huset – som er ei føresetnad for å få inntekter til å drifte huset.

Kyrkjelydshuset med kyrkjekontor ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Ein stor del av arbeidet til soknet har base i kyrkjelydshuset, ofte i kombinasjon med kyrkja. Med kyrkjelydshuset kan vi samle fleire aktivitetar under same tak, og med eit kyrkjelydshus har vi og klart å utvide og invitert til nye tiltak.

Nokre av tiltaka til soknet på kyrkjelydshuset:

  • Ulike undervisningtiltak i trusopplæringa 0-18 år gjennom heile året
  • Tweens: Fredagkveldstilbod for ungdom ein gong per månad
  • Tombola-kafe ute i bakhagen, sporadisk tiltak etter verforholda
  • Superlaurdagar: Tilbod for barnefamiliar ein gong per månad, samlingsstund, måltid, historie og song
  • Onsdagsmiddag for bygda kvar onsdag (annakvar gong er det barnekorøving etterpå)
  • Småbarnsong annakvar onsdag
  • Babysong (kyrkjelydshus eller kyrkja)
  • Torsdagstreff ala Sjømannskyrkja annakvar veke på formiddagen, vaflar & kaffi, andakt, fellessong

Utleige:

  • Speidarane har eige areal
  • Hareid Tensing og band har eige areal
  • 3B-bibelgruppe
  • Korøvingar vaksenkor
  • Hafest-konsert 1 gong i månaden
  • Minnesamver etter gravferd
  • Konsertar og korkafeear
  • Selskap og arrangement
  • Møteverksemd

 

Hareid sokn eig og driv Hareid Frivilligsentral som har sitt eige aktivitetsrom på kyrkjelydshuset:

  • Aktivitetsrommet til Frivilligsentralen er ope og tilgjengeleg for gratis utlån til frivillige lag og organisasjonar og er flittig brukt. Det er mykje god og variert aktivitet gjennom veka, både dag- og kveldstid. Her kan nemnast Sanitetsforeining, Pensjonistlaget, Lions, HLF, Eldrerådet, Autismeforeningen, Revmatikerlaget, Fibromyalgi forbundet og Søre Sunnmøre tamilske kulturforening, med fleire.
  • Karakveld kvar onsdag kveld (møteplass for menn)
  • Hobbyklubb kvar tysdag formiddag og torsdag kveld (ope for alle)
  • Natteravnene bruker kyrkjelydshuset som samlingspunkt og føre rapportering

Mål/intensjonen med Frivilligsentralen:
Sentralen skal bidra med å skape møteplassar og vere ein samhandlingsarena for frivilligheit i lokalmiljøet. Vi skal samordne den frivillige innsatsen som både privatpersonar og frivillige organisasjonar i Hareid har, og dermed styrke og fremme det frivillige arbeidet. I tillegg er sentralen eit kontaktsenter for alle som ønskjer å delta i frivillig arbeid, uansett alder, kjønn, økonomisk status eller etnisk tilhørigheit. Sentralen arbeider for å være ope og inkluderande.

Sentralen kan leggje tilrette for at dei som på eige initiativ vil drive ein frivillig aktivitet, skal få drive med det. Frivilligheit må vere prega av lyst – og på premissane til dei frivillige. Vi ønskjer å samarbeide med ulike lag/organisasjonar, skule, institusjonar, for å bidra til aktivitet og leggje tilrette for ulike, gode møteplassar. Med dette kan vi forebygge einsemd og sjukdom.

Det er ei sann glede å både sjå å oppleve alt som skjer på kyrkjelydshuset, alle dei ulike aktivitetane og treffpunkta som skapast av folk - og for folk i vårt lokalsamfunn. Kyrkjelydshuset er eit brukshus ope for alle!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"