Her er det nye soknerådet i Hareid for dei 4 komande åra - konstituert

Det nye soknerådet for perioden 2023-2027 har konstituert seg. Nyvalt soknerådsleiar er Stein B. Karstensen og nestleiar er Sissel Anita Riise. Dei tek over etter avtroppande leiar Ann Helen Grimstad Worren og nestleiar Bård Grimstad. Vi takkar avtroppande sokneråd for flott innsats gjennom 4 år! Og vi ønskjer det nye soknerådet velkomen og lukke til med viktige verv i samhandling med både stab og mange engasjerte frivillige!

Det nye soknerådet. Frå venste bak: Marit Øien S., Elisabet Øvrelid, Elling Bjåstad, Stein B. Karstensen, Leidulv Hareide, Karsten Robert Kirkebø, Aud Helen Tjervåg Øvrelid, Sissel Anita Riise. Frå venstre forran: Marita Husøy Mork, Lars Hartig-Tangedal (sokneprest), Bente Andreassen Pilskog (kyrkjeverje/dagleg leiar) og Vibeke Rafteseth. Ikkje med på bildet: Sissel Janka Knardal, Anne Liv Holstad og Birte Mork Fure. Foto: Hareid sokn

Ved kyrkjevalet i Hareid har følgjande åtte personar blitt valt inn i Hareid sokneråd for perioden 2023-2027:
1. Stein Bernhard Karstensen (1954)
2. Leidulv Hareide (1953)
3. Karsten Robert Kirkebø (1974)
4. Sissel Anita Riise (1969)
5. Sissel Janka Knardal (1975)
6. Elisabeth Øvrelid (1970)
7. Elling Bjåstad (1973)
8. Marit Johanne Øien Sæverud (1957)

Og som varamedlemar er det følgjande fem personar:
1. Anne Liv Holstad (2000) (1. vara har møteplikt i soknerådsmøta)
2. Birte Kristine Mork Fure (1996)
3. Aud Helen Tjervåg Øvrelid (1995)
4. Vibeke Rafteseth (1981)
5. Marita Husøy Mork (1976) 

Det nyvalte soknerådet trer i funksjon f.o.m. konstituering og kyrkjeleg fellesråd 1. desember 2023.

Hareid sokn har følgande underutval for perioden 2023-2027:

Følgande trer i kraft ved konstituering:
Arbeidsutval:
Leiar, nestleiar, vara Marit Øien S., sokneprest og kyrkjeverje
Administrasjonsutval:
Leiar, nestleiar, tillitsvalt frå stab, kyrkjeverje
Forhandlingsutval:
Leiar, nestleiar, kyrkjeverje

Følgande trer i kraft frå 01.01.2024:
Undervsningsutvalet:
Vibeke Rafteseth (leiar),
Elisabeth Øvrelid, kyrkjelydspedagog + andre frivillige (ikkje klarert enno).

Eigedomsutvalet
(kyrkje, kyrkjegard og kyrkjelydshus): Elling Bjåstad (leiar), Leidulv Hareide, Stein B.Karstensen, kyrkje- og kyrkjegardsarbeidar + andre frivillige (ikkje klarert enno).

Misjonsutvalet:
Marit Øien S. (leiar), Odd Lykstad (forsett frå tidlegare periodar) + andre frivillige (ikkje klarert enno).

Diakoniutvalet:
Aud Helen Tjervåg Øvrelid, Sissel Janka Knardal, sokneprest, dagleg leiar frivilligsentralen + andre frivillige (ikkje klarert enno).

Kyrkjemusikalsk utval:
Karsten Robert Kirkebø (leiar), kantor.
Følgande personar fortsett i utvalet frå førre periode: Bård Grimstad, Ingmar Mork, Ingvill Kirkebø, Wenche Iren Roppen.

Styret til Hareid frivilligsentral:
Marita Mork Husøy (leiar), dagleg leiar Hareid frivilligsentral (sekretær) + andre frivillige (ikkje klarert enno).

 

Soknerådet - ansvar og oppgåver

Soknerådet har mange ulike oppgåver og eit breitt ansvarsområde. Om ikkje regelverket uttrykkjeleg har lagt avgjerda til andre organ, er det soknerådet som gjer vedtak.

Hovudoppgåvene til soknerådet er nemnde i § 9 i kyrkjelova, men og andre regelverk er med på å definere ansvaret til soknerådet.

Kyrkjelova § 9 set opp følgjande hovudføremål med arbeidet i soknet: ”Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet”

I samband med gudstenestereforma har kyrkjemøtet uttrykkt ønske om at kyrkjelyden, og særleg soknerådet, skal ta ansvar for gudstenestelivet ved å legge vekt på at gudstenesta er hovudsamlinga for kyrkjelyden. Soknerådet fastset ei Lokal grunnordning for gudstenestelivet. Hovudansvar for førebuing og gjennomføring av dei einskilde gudstenestene er lagt til presten, men soknerådet har ansvar og tek avgjerder på visse område.

For kjerneoppgåvene trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk, har Kyrkjemøtet vedteke retningsgjevande planar som skal hjelpe sokneråda til å arbeide planmessig og gi retning til dei lokale prioriteringane.

På andre område står soknerådet friare til å vurdere om og på kva måte ein skal prioritere ut frå lokale forhold og tilgjengelige ressursar. Som døme på arbeid og tiltak soknerådet kan prioritere ut frå kl§ 9, peikar vi på:

  • Barne og ungdomsarbeid
  • Besøksteneste
  • Bruk av kyrkjebygg og andre kyrkjelege lokale
  • Forbruk og rettferd
  • Bibelgrupper/ samtalegrupper
  • Misjon og evangelisering
  • Økumenikk
  • Rekruttering og organisering av frivillig arbeid
  • Unge vaksne i kyrkja
  • Informasjon og kyrkjeblad

Oppgåver av forvaltningsmessig karakter:

  • Ta avgjerd om kva og kven kyrkjeofringane skal gå til
  • Medverke ved tilsetjing av prest
  • Utleige av kyrkje
  • Førebu saker til kyrkjelydsmøte
  • Gi ulike rapportar til andre kyrkjelege organ og statistisk sentralbyrå.

(avskrift frå boka: ”Håndbok for sokneråd og kyrkjeleg fellesråd”, 2011, kirkerådet og KA)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"